Våre avdelingar
Handverk
Handverksavdelinga jobbar med grov- og finsnikring, og anna handverk. Kombinasjonen av tradisjonelle teknikkar, med nytt moderne utstyr, gir spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og flotte produkt
Catering
Om du skal ha selskap for mange eller møte med nokon få, kan kjøkkenet levere catering til høg kvalitet. Cateringavdelinga arbeider dagleg med varierte og spennande oppgåver i trygge og moderne lokale. Høg kompetanse og gode råvarer gir sunne og gode produkt
Bakeri & Konditori
Vi har nysteikte brød, bollar og konditorvarer.
Ta med deg ein nydeleg påsmurt baguett frå kafeen, eller sit ned og nyt ein kopp kaffi og eitt kakestykke frå konditoren. I butikken står det også hyller med sjølvlaga produkt frå alle våre avdelingar.
Vaskeri & Renseri
Vi leverer vask og rens til bedrifter og andre kundar.
Renseriet har maskinar som rensar trygt og miljøvenleg, og har kort leveringstid.
Jobbfrukt
Dyrka med kjærleik – Pakka med nøyaktigheit – Levert med stoltheit – Mottatt med glede
Vi leverer Jobbfrukt til bedrifter på Bømlo, Stord og Fitjar.
Frisk frukt av høg kvalitet, levert av kjekke smilande Jobbfrukt-sjåførar, bidrar til sunne vanar og eit godt arbeidsmiljø i di bedrift.