Arbeidssøkar

  

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Målgruppe: 

For deg som er 100% uføretrygda, men har ei restarbeidsevne.

Mål:

Arbeid skal bidra til å utvikle ressursar gjennom tilrettelagt arbeid, kvalifisering, personleg utvikling og auka livskvalitet.

Innhald:

Tilrettelagt arbeid og opplæring i våre varierte interne arbeidsavdelingar. Kvalifisering, tett oppfølging, sosial trening og motivering.

Det er NAV som søkjer deg inn til oss. Ta kontakt med dei for å avklare om VTA kan vere aktuelt for deg.

Arbeidsførebuande trening (AFT)

Målgruppe:

For deg som treng ekstra bistand til å skaffe ordinært arbeid.

Mål:

Det overordna målet er å skaffe deg arbeid eller utdanning.

Innhald:

Førebuing til ordinært arbeidsliv via intern og ekstern arbeidsutprøving, kartlegging av kompetanse, yrkeskartlegging, karriererettleiing, opplæring, avklaring av arbeidsevne og evt. tilretteleggingsbehov m.m.

Det er NAV som søkjer deg inn til oss. Ta kontakt med dei for å avklare om AFT kan vere aktuelt for deg.

Kontakt oss gjerne for ytterlegare informasjon, og evt. omvising på bedrifta vår, for å finne ut meir om kva me kan tilby deg.

Interne arbeidsavdelingar

Bakeri og konditori

Brød og bollar, kaker og søtsaker, kundebehandling og salg. Det er mykje som fristar.

Vaskeri og renseri

Viktige og varierte arbeidsoppgåver med høg grad av rutine og stabilitet.

Catering og Jobbfrukt

Ferske råvarer – fine fargar – gode lukter. For deg som likar å arbeide med mat og gode smakar.

Handverk

Likar du å vere kreativ og jobbe med fysisk arbeid, er dette avdelinga for deg. Vi jobbar med CNC, Laser og meir tradisjonelt trearbeid. Her vert det produsert alt frå transportkassar til skjerefjøler.

Gro Anita Meling

Tiltaksleiar

groanita@viergo.no

53 42 83 16

95 99 33 15