Vedtekter for VIERGO AS

 

§1 Selskapet sitt namn og logo er: Viergo AS   

§2 Selskapet sitt forretningskontor er i Bømlo kommune. Adr: Bremnesvegen 900, 5430 Bremnes,

§3 Selskapet sitt føremål er gjennom produksjon og sal av varer og tenester å skapa grunnlag for sysselsetjlng, opplæring, arbeidstrening og arbeidsavklaring for personar som via ulike samarbeidspartnarar har trong for slike tilbod.

§4 Selskapet sin aksjekapital er kr 150.000,-, fordelt på 150 aksjar, kvar pålydande kr 1.000 ,-, fullt innbetalt og lydande på namn. Berre aksjeeigarar har røysterett på generalforsamling. Kvar aksje tel for ei røyst. Aksjonærar kan møte ved fullmektig. Fullmektig skal ha skriftleg og datert fullmakt som må godkjennast av generalforsamlinga.

§5 Retten til å selja aksjar er avgrensa slik at sal eller anna form for overdraging ikkje kan gjerast utan styret si godkjenning. Elcsisterande aksjonærar har forkjøpsrett til kjøp av aksjar som er for sal.

§6 Selskapet sitt overskot skal verta verande i verksemda og nyttast til føremål som styrkjer drifta i framtida. Ved likvidasjon av selskapet skal selskapet sin formue stillast til disposisjon for Bømlo kommune til fremme av varige arbeidsplassar som beskrive i vedtektenes 53.

§7 Selskapet sitt styre skal ha fem medlemmer med tre nummererte varamedlemmer. Varamedlem nr 1. skal innkallast til kvart styremøte. Fire styremedlemmer og tre nummererte varamedlemmer skal veljast av generalforsamlinga, medan eit styremedlem med personleg varamedlem, skal veljast av og mellom dei fast tilsette, Styreleiar eller nestleiar saman med eitt styremedlem har selskapet sin signatur. Styret kan gje prokura.

§8 Ordinær generalforsamling skal haldast innan innan utgangen av juni månad og vert kalla saman to veker på førehand. Den ordinære generalforsamlinga skal:

  1. Fastsetja resultatrekneskap og balanse, samt gjera vedtak om bruk av overskot eller dekking av underskot.
  2. Val av styre, styreleiar og nestleiar, Dei aksjonærvalde styremedlemene skal ha ei funksjonstid på 2 (to) år, likevel slik at to og to går ut skiftesvis. Styreleiar og nestleiar vert valde ved særskilt val.
  3. Drøfte og gjere vedtak i andre saker som etter lov eller forskrift høyrer inn under generalforsamlinga.

§9 Ellers vises til ei kvar tid gjeldande aksjelov.

 

Sist endra og vedtekne i styremøte 24.06.2024