Statusoppdatering gjenoppbygging

Status for gjenoppbygginga av Viergo

Arbeidet med nye Viergo går som planlagt. Prosjektet held seg innanfor dei økonomiske rammene som er fastsette, og framdrifta følgjer tidsplanen. Vi har god kontroll på både koordinering, kostnader og leveransar, og samarbeidet med alle involverte aktørar fungerer svært godt.

Når vi tek i bruk dei nye lokala i september, gjer vi det med tryggleik for at prosjektet er gjennomført på ein ryddig, føreseieleg og kvalitetssikra måte.

Under kan du lesa litt meir om leverandørane våre, som med solid fagkunnskap og engasjement skal bidra til at prosjektet blir gjennomført på ein trygg og god måte:

 

  • Steinsbø Hus ved Hans Magne N. Stokka har teikna påbygget og har ei sentral rolle i prosjektet. Med si lange fartstid og solide erfaring står han i bresjen for å sikra kvalitet og god gjennomføring. Dei bygg både utvendig og innvendig, og skiftar samtidig kledning på fasaden som ikkje blir berørt av ombygginga.
  • VVS Bømlo – grunn og betong ved John Morten Sørensen har ansvar for riving av det gamle raude huset (Klippen), nytt reinseanlegg, grøfter til 400V, nytt isolert golv i deler av kjellaren, ny ringmur på tilbygg og renovering av mur i framkant.
  • VVS Bømlo – VVS ved Terje Sørensen legg til rette for alt av røyr og vatn i eksisterande og ny del av bygget – frå kjøkken og konditori til garderobar og det nye vaskeriet i kjellaren.
  • Los Elektro ved Øyvind Særsten oppgraderer det gamle 230V-anlegget og installerer nytt 400V-anlegg til vaskeriet. Dette gjer at me kan kutta ut propandrift på deler av maskinparken og leggja til rette for framtidig vekst.
  • Solland ved Andre Strømmen står for ventilasjon. Dei bygg om eksisterande anlegg i 1. etasje og installerer nytt anlegg med god kapasitet for heile 2. etasje.
  • PTG Winntech ved Leif Tore Lid leverer tre nye kjølerom og tilpassar dagens fryserom – noko som gir god kjølekapasitet for kjøkken/catering, konditor og Jobbfrukt.
  •  

Me vil også takka Bømlo kommune for rask og konstruktiv sakshandsaming. Deira innsats har gjort det mogleg å koma tidleg i gang med prosjektet og sikra god framdrift.

 

📢 Me kjem til å oppdatera jamleg med bilder her på nettsida og på Facebook – følg oss gjerne vidare!