Ledig stilling
Viergo AS søkjer ein engasjert dagleg leiar
Vil du leie ei verksemd som skapar reell verdi for menneske, lokalsamfunnet og Bømlo? Viergo AS søkjer ein engasjert og framsynt dagleg leiar som ønskjer å bidra til å utvikle verksemda vidare inn i framtida.
Som dagleg leiar vil du ha det overordna administrative, faglege og økonomiske ansvaret for selskapet, og du rapporterer direkte til styret. Du bør ha god forretningsforståing, vere god på nettverksbygging og ha eit sterkt engasjement for å skape moglegheiter for menneske som treng tilrettelegging i arbeidslivet.
Vi er inne i ei omfattande fornying og utvikling av bedrifta, og som dagleg leiar vil du vere ein drivar i dette arbeidet. I september står nye moderne og framtidsretta lokale klare, som legg ein solid plattform for vidare utvikling.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Dine hovudoppgåver vil vere:
· ivareta den sterke og inkluderande organisasjonskulturen
· utvikle tenester og produkt, og jobbe aktivt for å få nye oppdrag
· vere bindeleddet mellom styret, kommunen, NAV, tilsette og andre samarbeidspartnarar
· representere Viergo utad og vidareføre den sterke tilliten verksemda har i lokalsamfunnet
· personalleiing, økonomistyring og rapportering til styret
· kvalitetsstyring og HMS
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
· utdanning på høgare nivå, gjerne innan leiing og økonomi, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
· leiarerfaring og er ein god lagspelar
· god forretningsforståing og interesse for sal
· fokus på sosial verdiskaping og relasjonsbygging
· kjennskap til lokalt arbeidsliv og gjerne relevant nettverk i regionen
· erfaring med kvalitetsstyringssystem
· gode digitale ferdigheiter og god kommunikasjonsevne
· førarkort klasse B
Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Kjenner du deg igjen i fleire av desse punkta, oppmodar vi deg til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
· er ein klar og tydeleg leiar som evner å skape entusiasme
· har ein involverande, raus og inkluderande leiarstil
· har ønskje om å jobbe med menneske som har behov for tilrettelegging
· er initiativrik, resultatorientert og har evne til å jobbe langsiktig
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
· ei leiarrolle der du skapar reelle forskjellar i kvardagen til mange
· ein arbeidsplass med sterke verdiar, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse
· ei verksemd med stort utviklingspotensial i ei spanande og viktig tid
· gode pensjons- og forsikringsordningar
· konkurransedyktige vilkår
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Interessert i å vite meir?
Ring oss gjerne om du ønskjer ein prat om stillinga.
Dagleg leiar Leif Kåre Natterøy på telefon 472 38 780 eller leif@viergo.no
Styreleiar Ragnhild Ravna Skjærvik på telefon 414 32 387 eller e-post r-ravna@online.no
Søknadsfrist: 17. mars 2026. Søkjarar vert vurdert fortløpande.
Søknad med CV sendes r-ravna@online.no
Om Viergo AS
Viergo er ein sentral arbeids- og inkluderingsaktør på Bømlo. Vi samarbeider tett med NAV og tilbyr arbeidstrening og oppfølging gjennom tiltaka varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT).
Verksemda har 13 faste tilsette, 26 VTA plassar, 9 AFT plassar og fleire praksisplassar i samarbeid med vidaregåande skular. Vi er ei kompetanse- og opplæringsbedrift med eit tydeleg samfunnsoppdrag: å bidra til at alle får oppleve utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid. Visjonen vår er Varig verdiskaping gjennom kvalitet, meistring og trivsel.
Gjennom produksjon og sal av varer og tenester skapar vi aktivitet og arbeidsmoglegheiter på Bømlo. Verksemda omfattar snekkeravdeling, vaskeri, handverksavdeling, lysproduksjon og eit bakeri med utsal, catering og varer frå eigen produksjon.
Viergo er heileigd av Bømlo kommune og spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet. No får du moglegheita til å vere ein nøkkelperson i både gjenreisinga og vidare utvikling av verksemda og samtidig bidra til å skape varige verdiar for menneske og samfunn.
Les meir om Viergo her: www.viergo.no